tirsdag 1. september 2015

Draumehytta i boks!

No er det jammen lenge sia eg har skrive på bloggen. Ikkje uten grunn eg no kan halde fram, eg er brått ferdig med 5 år på skulebenken! Det har vore 5 fine, lærerike, slitsomme og travle år, då eg har jobba ved sida av. Men no er eg "berre" i arbeid og kan bruke fritida mi på familien 100%.


Som overskrifta avslører, eg er blitt hytteeigar! Det er ein draum som har vore i hovudet i mange år, og ein draum eg trudde skulle forbli der, heilt til i går! Då vann vi budrunda på ei hytte i Fjaler. Den ligg ved sjøen og skal bli vår avkoblingsstad når vi treng ei pause frå kvardagen. Overtakinga skjer først 1.oktober, så fram til då kan eg planlegge og tenke ut korleis eg vil fikse opp hytta.

Oversikt over hyttefeltet


Det er ei 70-tallshytte som er eit furuhelvete. Passer meg utmerket, for då får eg endre alt eg ynskjer uten å få dårleg samvit. Hytta er 42 m2 og har 2 soverom, bad, stove/kjøkken, 2 hemsar og yttergang. Lita koselig hytte i heilt perfekt størrelse for min familie.


Utsikta frå terassen vår.


Utsikta frå terassen vår


Bloggen framover blir nok av hyttelivet. Endringane vi gjer med hytta, og livet ved sjøen.

O lykke!

torsdag 21. februar 2013

Nye hyller av "kassar"

Kvite veggar kan fort bli flekkete og stygge, noko vi opplevde. Vi har difor no malt alt på nytt, vel og merke i kvitt igjen. Har eigentleg lyst på ein vegg med mørk farge, men på grunn av størrelsen på stova, så blir det nok ikkje med det første. Mørk farge har ein tendens til å krympe eit rom, samstundes som det og kan gjere det veldig heimekosleg.
Det var godt å få dekka gamle spikarhol og byrje på nytt med ting og tang på veggane. Her skal de få sjå den siste invisteringa mi som eg vart veldig godt nøgd med. Likar du trekassar på vegg?? :














I staden for eit stort bilete eller ei enkel hylle har eg no skapt hyller og bilete som ein stor heilhetleg sak, som dekorerer veggen min over sofaen. 

 


søndag 27. januar 2013

Ramme til 15 kroner

Var på gjenbruksbutikken og kjøpte meg ei ramme til berre 15 kroner. No går tankane på kva bilete som skal få hendersplassen i den. 




Herlege detaljar som gir ramma sjel.




Teak-verda mi!

Då har det endeleg skjedd: teaksamlinga av møblar var blitt so pass stor, at eg kunne lage meg ein kosekrok på gjesterommet med møblemanget mitt. Stolane kom i hus for ei veke sia, og i helga fekk vi endeleg kvitta oss med sofa, bord og tv-bord som stod på gjesterommet. Gløymde å ta eit før bilete, men heilt ærleg...så var det ikkje noko vakkert syn, så ver glad du blei spart!

 

 

Så kva tykkjer du om mi teak-verd?

                                             



















Fekk eg for nokre år sia av min onkel. Endeleg eit møblemang der desse verkeleg høyrer heime i.
                                         
                        




Bilete frå mi mor. Brudebilete er frå 1969, det andre frå 1980. Rammene er nok tidlegast frå 70-talet.





Her ser de stolstoffet. Originalt, og skal forbli slik!

 


søndag 11. november 2012

Heimelaga julegåver

Eg likar godt heimelaga ting. Eg sparer på alt ungane lager, og nyt synet av deira kunster kvar gong eg ser dei. Eg er allereie godt i gang med julehandelen, men alikavel tar eg meg sjølv i å leite etter tips på nette til heimelaga julegåver. Kanskje du bli inspirert av dette til å lage noko sjølv til dei du er glad i? Håpet er at eg sjølv skal bli inspirert til å lage noko til min kjære

JULEKAKER: Kva med å bake julekaker og ha dei på eit norgesglass eller i eit anna glas og pynte med sløyfe? Kjekt å få om ein ikkje har rukke å bake noko sjølv. Eg hadde iallefall likt å få noko slikt, då eg sjeldan lagar anna en pepperkaker til jul ;) Ein kan eventuelt ta ein isboks og dekorere den etter eige ynskje.

SÅPE: Det går an å lage eigne såper. Ikkje noko eg kjem til å teste ut med det fyrste, men dei kan vere både dekorative og gode å ha. Nokon kan lagast med alovera, noko som er bra for huda, så her er det berre prisen på utstyr og fantasien som set grenser.

STRIKKING: Kva med å strikke trekk til tennbrikettboksen? Dei som har veaomn får aldri nok tennbriketter, og tenkt kor kjekt det er å få dekorert den så den blir fin å sjå på? Søstra mi lagar dei flottaste trekka, så no har eg bestilt eit slikt som eg skal gi i julegåve til mine svigerforeldre.

HEKLING: Sjå mitt forrige innlegg. Lag eigne lysestakar med å bruke gamle sylteglas eller babymatglas o.l og hekle eit trekk til dei. Utruleg effektfullt og vakkert.

BILETE: Brenn dine favorittbilete som er tatt gjennom året, inn på ein CD. Då kan dine kjære få sjå mange gode minner gjennom året, og samstundes finne dei fram igjen når det måtte passe. Ein CD tar ikkje stor plass, og dette er billig i forhold til å framkalle bileta og putte dei i album.

LYS: Eg hugsar i min barndom når vi hadde juleverkstad på skulen. Då lagde vi stearinlys. Levande lys kan ein aldri få nok av, og eg skulle verkeleg ynskje at eg visste korleis ein kan lage dette. Eg skal undersøke det, for det hadde vore utruleg moro å lage fine lys til slekt og venner.

DIKT: Skriv eit dikt, eller finn eit på nett eller i ei bok, som du likar, eller som personen du vil gi det til likar. Dekorer det og ramm det inn. Fin dekorasjon!

SKILT: Kven treng ikkje eit nytt skilt på ytterdøra, eller eit skilt som kan dekorerast med i heimen. Enkle ord, navn, visdomsord og anna kan skrivast på desse. Har du gamle materialer liggande vil dette vere ein enkel sak å lage. Hugs å lakke det om det skal henge utandørs, så det helde seg i veir og vind. 

DØRKRANS: Finn kvister som kan bindast saman til ein sirkel, eit hjarte eller ei anna form du likar. Meir skal ikkje til for å få ein vakker krans. Du kan eventuelt dekorere den ved å spraye den med glitter eller farge, feste på ei sløyfe eller 2. Butikkane sel mykje dekorasjonar til jul, og noko kan sikkert nyttast til å dekorere kransen med.

KOKEBOK: Kjøp ei billeg notatbok og dekorer den utanpå. Lag nokre fine sider med dine favorittoppskrifter, og la nokre vere ledige så den som får den kan legge til sine favorittoppskrifter. Klipp i ukeblad bilete som passar til oppskriftene. Denne boka kan gå i generasjonar, utruleg kjekt for framtida.

MATKORG: Til den som har alt er dette genialt. Du kan lage innhaldet sjølv så langt det lar seg gjere, men eg bruker kjøpe inn det meste av innhaldet då tida mi ikkje strekker til. Ha ei korg eller ein kasse eller noko anna oppbevaring. Pynst med ei raud julesløyfe og kanskje ein dekorativ merkelapp. Putt oppi kaffi, pålegg, spekemat, flatbrød og andre ting som tåler å oppbevarast i romtemperatur. Mat er nok som dei som har alt vil få bruk for. Forslag til ting å ha i: vin, nøtter, sviker, tørka frukt, kaffi, spekepølser, julekaker, sjokoladepudding og vaniljesos (kjøpt), boksemat, flakslodd m.m

Eg kjem til å fylle på dette innlegget etterkvart. No er det seint på kveld (les natt) så tankane er i ferd med å stoppe opp. Håper noko av dette inspirerte deg til å vere kreativ i julegavestrida.

Noko uheldig med denne kransen, men du ser tanken bak den, knyt saman kvistar og dekorer!








søndag 4. november 2012

Hekledilla



Eg fekk så lyst å lære meg å hekle ein dag, og no er eg bitt av basillen. Øvelse gjer mester seiast det, og tida vil vise om eg kan bli det. Eg har hekla ein del runde smådukar, armeband er og kjekt å hekle. På bileta over kan du sjå eit firstprice salsadip-glas som har fått eit hekla trekk på seg, og brått blitt ein lysestake. Gjenbruk er viktig, og dette er ein nyttig måte å gjere det på. No er eg brått blitt kresen til kva syltetøy vi kjøper,form og størrelse er viktig då eg vil ha dei som t-lysestaker i ettertid. Har allereie laga eit i raud julefarge, og fleire skal det bli! Eg synst det er litt sjarm at ein ser litt av glaset, at hekletrekket ikkje dekker heile, men det går an å lage til heile glaset. Om du har lyst å lære deg å hekle, så er det berre å kikke på youtube, mange videoar der ;) Ha ein finfin mørketid.

tirsdag 7. februar 2012

På skattejakt i gjenbruksbutikken

Sia eg tar Kunst & handverk som tilleggsfag til lærarutdanninga mi, får vi en del arbeidskrav. Det siste handlar om redesign. Dette førte meg til gjenbruksbutikken med tankar i hovudet om å finne noko eg kan lage om til å bli eit produkt eg vil like. Enda sjølvsagt ikkje opp med noko til oppgåva mi, men fann derimot småting eg vil dekorere med i heimen min:

 Denne opphengbare lysestaken betalte eg heile 5 kroner for.



 Bokhaldaren kosta 25,-
Spørst om eg kjem til å spraymale den kvit med tid og stunder. Flott å ha oppskriftsboka på når en lager mat.



Har lenge villa hatt ein fløytemugge i porselen. Men når eg såg dette fatet med tilhøyrande fløytemugge og sukkerskål måtte eg berre ta det med meg, og det til den nette sum av 25,- No slepp eg sette melkekartongen på bordet når eg får gjester som vil ha melk i kaffien.


 Denne skulpturen tykte eg berre var nydeleg. Fekk meg til å tenke på morskjærleik, og bandet som er knytt mellom mor-barn. Denne har fått plass på hylla over ovnen i stova. 20,-


 Dårleg bilete av to insekt som skal henge. Fenga meg nok mest fordi dei var kvite. Betalte 5,- for dei!

Kjøpte meg og skisko til 30 kroner, 2 små broderte dukar som vert brukte som tepper i dukkehuset til mi datter til 10,- og ein pose med barnebøker til 50,-

Jammen kan en støte på mykje moro på en slik butikk. Anbefaler deg å ta turen innom, for ikkje er det berre kjekt å finne billege ting en likar, ein sparar og miljøet ved å kjøpe brukt!





torsdag 26. januar 2012

Tulipaner frå mi søster..



 Så kjekt å få blomar. Fekk besøk av mi snille søster som hadde med tulipaner. Dei stod seg lenge og var en super dekorasjon. Når eg fekk rosafargen på bordet fekk eg brått lyst til å skifte ut alt det raude som eg alltid har hatt som innslag i mitt interiør. Spurde min mann kva han ville ha, og han svarte blått....så no må eg kanskje prøve å overtale han til rosa? Har jo ei søster som har mykje rosa i heimen, og er jo litt kjedelig når det blir likt. Kanskje eg heller skal gå for siste mote som for tida er knæsje farger som orange??? Kva synast du? Eg kjenner eg er klar for å bryte litt baner...alle har jo det så kvitt, kanskje eg skal ha det knæsj med sterke skrikande fargar??









Fant dette bildet frå Kremmerhuset sin nettbutikk. 
Synst det er megakuult med det oransje eg...
men spørst kor lenge en greier å ha det i hus
                                                                 før en bli lei?




Noen Julegaver

 Fekk dette superfine ostefatet/krukka til jul.
Endrer pynten inni det med jamne mellomrom.
Elsker at det er hjerter på det, og kvit fot. 
Dette har fått hedersplass på eit av småborda i stova.



 
Her har eg ein tørka blome inni, og festa eit smykke på den.
Kors som eg har kjøpt for mange år sida



 Fekk og dette nydelege stettfatet, med djupe skåler. 
det ser litt slitt ut, nett som eg likar det. Også dette har hjerter i mønsteret, så passer perfekt i lag med ostefatet.  Dette har og fått hedersplass i stova. Det er med så mange fine ting eg skulle ønske eg hadde et stort kjøkken å pynte opp. Vi får heller glede oss til den dagen eg er ferdig som student og får ei fast inntekt. Da skal vi fikse
og bygge mykje om inni huset. Vist ikkje vi er så heldige å vinne i lotto før den tid!

fredag 23. desember 2011

GOD JUL!

Eg og nissane mine vil med dette ynskje dykk alle ei fredfull og god julehelg!



Eg vil samstundes takke alle som har sendt meg så flotte julekort, dei har fått begge hedersplassane i staua:
Dei vanlege julekorta med flotte motiv!



Julekorta med bileter av mange herlege småtroll!


GOD JUL